
Organisasjonsplan Vindkast frisbeegolfklubb Bømlo
Grunnlagsopplysningar for idrettslaget
Namn: Vindkast Frisbeegolfklubb Bømlo
Stifta: 11.09.2020
Idrett(ar): Frisbeegolf
E-postadresse: Vindkastfrisbeeklubb@gmail.com
Internettadresse: www.facebook.com/groups/vindkastfrisbeeklubb/
Organisasjonsnummer: 925 684 511
Teken opp som medlem i Norges idrettsforbund (NIF):
Registrert tilknyting til Vestlands Idrettskrets
Registrert tilknyting til Bømlo-idrettsråd
Registrert tilknyting til NAIF
Styrets Organisasjonsplan
Leiar:
Andreas Sætre
Anleggets daglege drift og vedlikehald
Styremedlem:
Helene Søvold
Økonomi og rekneskap
Styremedlem:
Anders Kloven
Søknader, finansiering, prosjekt og innkjøp
Nestleiar:
Raymond Solend
Søknader, finansiering, prosjekt og klubbmedlemmer
Visjon
Vindkast Frisbeegolfklubb har ein visjon om å leggje til rette for utøving av frisbeegolf på alle nivå. Vi ønskjer å tilby ei godt etablert og vedlikehalden frisbeegolfbane til alle som vil prøve eller drive aktivt med sporten. Vi håpar at dette skaper eit naturleg samlingspunkt for alle med interesse for frisbeegolf på Bømlo.
Verdigrunnlag
Vindkast Frisbeegolfklubb Bømlo baserer sin aktivitet på dei felles vedtekne aktivitetsverdiane for norsk idrett: Idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom. Idrettslaget vårt blir drive etter idretten sine organisasjonsverdiar: Frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd.
Verdiane skal hjelpe oss til:
-
å skape eit godt klubbmiljø, der vi tek godt vare på kvarandre
-
å skape gode haldningar
-
å vere eit idrettslag som er kjent for godt samarbeid og god oppførsel
-
å framstå slik idrettslaget ønskjer i alle samanhengar
-
å skape samhald
Hovudmålsetningar
-
Bygge opp og vedlikehalde ei diskgolfbane med høg standard på Bømlo
-
Spreie informasjon om diskgolf og klubben slik at alle som har interesse for det kjenner til tilbodet
-
Tilby moglegheit for å spele diskgolf både som konkurranseidrett og som rekreasjonsaktivitet
-
Etablere og oppretthalde ein sunn organisasjon og økonomi
-
Banen skal vere tilgjengeleg og eit gratis tilbod for alle
Årsmøtet
Bestemmer lover og reglar for Vindkast Frisbeegolfklubb, vel årsmøte og bestemmer målsetjingane til klubben.
Styrets ansvar
-
Jobbe for å oppfylle målsetjingane gitt av årsmøtet.
-
Dagleg drift av klubben.
-
Forberede dagsorden til årsmøtet.
-
Bygge opp, vedlikehalde, forbetre og promotere diskgolfbanen ved Kulleseid Gjestehamn.







